20. august 2009

Støvlar....





Eg har lenge ønska meg Ilse Jacobsen støvlar, men eg har liksom ikkje hatt samvittigheit til å kjøpe dei. "Treng eg verkeleg desse støvlane?" "Er det verdt å bruke så mange pengar på støvlar?" desse spørsmåla har gått rundt i hovudet mitt. Men så skjedde det noko. Det har nesten regna ei veke i strekk no, og kvar morgon før eg skulle på jobb har eg stått å vurdert kva sko eg skal ha på meg, for nesten alle skoa mine trekk inn vatn. Eg bestemte meg, no er det nok, eg kjøper støvlane. Og no er eg ein lykkeleg eigar av brune Ilse Jacobsen støvlar! Eg angra ikkje eit sekund :) Og det som er så fint med dei er at ein kan bruke dei til det meste.


Ha ein fin dag vidare!

Klem frå Tonje Marie

Ingen kommentarer: