31. august 2009

sol inne, regn ute....





Dei siste dagane har det regna som berre det!! Då er det kjekt å sitte inne med stearinlys og teppe og for å få det ekstra koselig kjøpte eg Solsikke som kunne erstatte sola :) Håper sola kjem snart til bake!!!

Ha ein fin kveld!
Klem frå Tonje Marie

20. august 2009

Støvlar....





Eg har lenge ønska meg Ilse Jacobsen støvlar, men eg har liksom ikkje hatt samvittigheit til å kjøpe dei. "Treng eg verkeleg desse støvlane?" "Er det verdt å bruke så mange pengar på støvlar?" desse spørsmåla har gått rundt i hovudet mitt. Men så skjedde det noko. Det har nesten regna ei veke i strekk no, og kvar morgon før eg skulle på jobb har eg stått å vurdert kva sko eg skal ha på meg, for nesten alle skoa mine trekk inn vatn. Eg bestemte meg, no er det nok, eg kjøper støvlane. Og no er eg ein lykkeleg eigar av brune Ilse Jacobsen støvlar! Eg angra ikkje eit sekund :) Og det som er så fint med dei er at ein kan bruke dei til det meste.


Ha ein fin dag vidare!

Klem frå Tonje Marie

17. august 2009

Sommarferien er over...










Sommaren for lengst over for min del, og regnet har kome for fullt. Huff, saknar sola ja!
Men sommarferien var fin. Eg var med mamma og pappa på båttur i ei veke, før eg flaug heim til Volda for å vere la med vener som hadde kome heim. Vi kosa oss masse. Hyttetur, var å bada og åt middag på Loen, seine sommarkveldar med mykje skøy!
Den siste veka mi for eg til Kristiansand å besøkte søstra mi som hadde fått seg sommarjobb som prinsesse i dyreparken. Stykket ho spelte i var ”Kristian And frå Herli Land”. Det var eit morosamt stykke og veldig spesielt å sjå mi eiga søster stå fram på scena. Men ho var kjempeflink og eg vart veldig stolt!!

Ha ein fin dag vidare!

Klem frå Tonje Marie