30. mars 2009

Nytt soverom...

Slik var det:






Og slik vart det:










Etter litt tenking på fargeval kom eg til dette. Eg ville ha eit lyst og reint soverom som skulle vere koseleg. For å få litt dybde i rommet, sidan det ikkje er så stort, ville eg ha ein vegg som var mørkare. Eg fall pladask i denne lillafargen og då vart det den :) Nye lampar, hylle, speil, litt dill, knottar på skapet og dekor på veggen som skal vere til inspirasjon kvar gong eg vokna
- Carpe diem - mala i same farge som den eine veggen.
Vart veldig nøgd med resultatet :) Eller kva?
Ha ein fin dag, og eg vert veldig glad om du legg att ei helsing :)
Mvh Tonje Marie

23. mars 2009

Tørke støv av bloggen...











Oj! No er det lenge sidan eg har skreve på bloggen min... Men no bles eg det støvet som har kome på den og byrjar att :)
Våren var nesten i Volda for nokre dagar sidan, men no har snøen lagt sitt kvite slør i fjella att. Det som held vårstemninga oppe er fuglane som kvitrar ute og blomane som byrjar å kome opp gjennom jorda. Eg gler meg til våren og dei lysare tidene. Det vert så mykje enklare å kome seg opp om morgonen og kroppen får varme frå sola att. Det er herleg! Eg er nok ei sommarjente ja!

Det kjem nokre foto frå det nyoppussa soverommet seinare, men eg har ikkje fått lagt dei inn på dataen endå, men det kjem :) Legger heller ut foto av nokre vakre blomar og sidan eg har besøkt ho eg er fadder på i Oslo, må ho også få ein plass her.

- Er du lisje prinsessa mi du?

- Haha, nei, eg er ikkje noko prinsesse. Tonje eg er jo berre meg eg!

For meg er ho lisje prinsessa mi, sjølv om ho ikkje meinar det! :)

Ha ein strålandes dag til dei som er innom :)