26. oktober 2008

Ein koseleg butikk i Langevågen...





Mi kjære storesøster :) (Foto: Dagbladet)






Søndag er komen, og vi skal til på ei ny veke. Den veka som står meg i vente kjem til å bli fabelakti. Onsdag reiser eg nemleg til London for å besøke systa mi :) Gler meg til å treffe ho att! Fem dagar med opplevingar og mykje kos.
Elles har eg oppdaga ein ny og fin butikk. Emmas Verden i Langevågen. Ein kjempekoselig butikk som hadde mykje fint og spanande! Dette er ein butikk eg skal besøke oftare.
Bilda over viser noko av det eg kjøpte.

6. oktober 2008

Ei heldig jente...











Laurdag hadde min kjære ein hemmelegheit som eg skulle få vite kva var etter jentekvelden min var over. Etter ein kjempe koselig kveld med film og snop og godt selskap, var eg så nyfriken. Rett etter dei hadde gått heim for å lalle seg var det å skrive melding til min kjære om kva hemmelegheiten var. Eg fekk til svar at det var noko til meg ute, under trappa rett utanfor døra. Tonje Marie sprang ut for å sjå, og der stod det to nydelig fine svarte lampar. Den lapen som er bilde av over her, og endatil TO!! Er ikkje han nydeleg vel?!

Telefonen fann vi på Clas Ohlson, den er nok berre til pynt :)
Ha ein fin dag :)

29. september 2008

For fyrste gong og award...




Denne fekk eg av Linda


Denne fekk eg av Anna Lisa

Eg er så veldig heldig. Eg har fått to fine awarda, så det varmar meg på denne kalde dagen.
Sidan eg skal sende dei vidare, sender eg begge to ilag.
Og dei heldige er *trommevirvel*:
Grip Dagen - http://gripdag1.blogspot.com/
Den gode Feen - http://dengodefeen.blogspot.com/
Lykke Bo - http://lykke-bo.blogspot.com/
mali-mo - http://mali-mo.blogspot.com/
My little heaven - http://www.mylittleheaven.com/

Dokke har alle kjempefine bloggar som eg likar å fylle med på!

Elles har eg schrappa for første gong. Kjekt å få bruke kreativiteten litt :)

Ha ein fin dag! =) Og takk til alle som legg att ei helsing! :) Klem frå meg

21. september 2008

Ei koseleg helg...


Velkommen til oss


Lyng i ei korg, det grøne er kastanjenøtter. Synst det pynta litt opp


Bamsane har fått englevakt

Då var snart denne helga over også. Men jammen var den god.
Fredag laga eg å mamma eplekake av epla i hagen deira. Å jammen vart den god =) Etterpå vart det heimelaga pizza framfor tv'en. Koseleg :)
Laurdag var det mykje fotball på planen. Den 9 år gamle søstra til Tonjekjærsten skulle spele cup i Volda, og rett etter var det han som skulle i ilden på Ørsta Stadion. Seinare for mannen her i huset ut på byen, medan eg fekk besøk av Linda som er ei god venninde av meg. Vi kosa oss med godis, prat og tv :)
I dag er det søndag og mannen har akkurat stått opp, så no skal vi ha på oss klede og traske oss ein tur ut :)

Ha ein kjempefin dag alle sammen! =)
Klem frå ei som blir kjempeglad for kommentarar!

11. september 2008

Ein smak av hausten...









Etter eg og min kjære kom heim frå jobb og hadde fått i oss lit mat tok vi med oss kameraet ut for å fange nokon haustmotiv.
Her er ein smakebit på noko vi fann langs vegen :)

Ha ein fin dag vidare folkens, og eg blir glad for alle som legg at ei lita helsing :)
Klem

8. september 2008

Nytt i heimen...







Ny tvbenk og ny tv =) Etter nokre timar med "Nei, det er her den skal ver" medan den andre sei "Nei, det er SLIK det er" så vart benken endeleg ferdig! Tihi.
Så måtte vi ned på Sissel Blomster å kjøpe noko "stesj" som skulle få plass på benken. Lys, fat til lysa, blomster og potte til. Eg vart veldig fornøgd og det samme vart mannen i huset =)

Ha ein fin kveld :) Legg att ei helsing om du vil, då blir eg glad :)

1. september 2008

Ein vakker dag...





I helga gav søstra til Rolf-Audun (min kjære) og mannen hinna sitt ja til kvarandre. Ein kjempefin dag, med ei nydelig brud og brudgom, med følge. Festen vart holdt på Atlanterhavsparken i Ålesund. Var ein opplevelsesrik dag vi vil hugse.
Her er to bilder av dei.

Ha ein fin kveld! Klem frå Tonje Marie
Blir veldig glad om dokke legg att ein liten kommentar =)

24. august 2008

Award og bursdag


Hipp hipp hurra!! I dag er min kjære 22 år. Vi feira med skattejakt i dagtidlig der skatten var playstation 3. Han har ønska seg det heilt sidan jul, så no var det påtide han fekk det med meg =) Skulle sett fjese hass når han såg det! Hehe, hoppandes gla vart han.
No er kaka i ovnen og vi skal snart ut på Vartdal slik dei også får smake.
Så har eg vore så heldig å fått ein flott award med http://daisishome.blogspot.com/ Tusen tusen takk til deg!! Eg blir så glad =) Eg skal sende den vidare til 7 andre seinare :)
Ha ein fin søndag folkens! Klem

21. august 2008

Ei vemmeleg lukt...


Pusen var ivrig med å prøve og ta kaninene. Her måtte han ta på.


To venninder av søstra til kjæresten min, flinke å hjelpe til å vaske vekk kaninbæsj

No var det påtide å blogge litt att!
Denne veka passar min kjære fiskeoppdrette til familia, så vi må bu på Vartdal :) Så i går fann eg ut kor fisefine jenter i 8-9 års alderen kan vere. (Ei lang historie i korte trekk)

Tonje kom kjørande inn på plassen å fann ut at systa til min kjære, på 9 år, ikkje hadde vaska buret til kaninene sine. På måndag sa ho til meg "Jada Tonje, eg skal vaske det i morgon".
Etter middag i går fann eg ut at eg skulle hjelpe ho litt, så eg tilbudde meg å hjelpe ho. (Eg hadde ikkje anelse om kva som kom til å vente meg.)

Eg opnar kaninburet og fekk den strammaste kaninbæsjelukta rett opp i nasa. (Hehe, lenge sidan eg har vaska eit kaninbur ja!)
Jada, vi byrja å ta ut det illeluktande høyet som var nedi, men ein 9 åring mistar fort tolmodigheita. "Skal ikkje dokke hjelpe meg da!" ropte ho til dei to vennindene sine, å jeuda, dei også kom, men heile tida var det "æsj, usj, eg kan ikkje ver bort i dette, det stankar, æææh ikkje kom borti meg", men vi fekk ut allt, og skulle til å spyle det. Då kom det "Eg vil spyle, men eg vil berre spyle litt" sa eigaren og etter ei lita stund var ho vekk, og den som sto att å vaska det var Tonje og eigarens to venninder! Hehe, ei fante er ho!

Ha ein fin dag!! Klem

13. august 2008

Væææ, en smule skummelt...





Tonje Marie og min kjære fekk denne i garnet. Skummel? Jupp, den er det, eg var litt redd då eg skulle ta bilde av den. Den såg på meg med dei store trillande runde augo, og prøvde å sei "Om du ikkje let meg gå, kjem eg å klyp deg i tåa!" Så den for fort då den kom ned i sjøen att! :) Den er litt søt. Synst ikkje dokke? :)

11. august 2008

Heldige meg...

I dag har eg vore superheldig, og eg er hoppandes glad! :) Eg har fått to awardar, den eine frå lykkebo og den andre frå johanna. To damer som har spennande bloggar og tek nydelige bilder. Tusen takk til dokke begge! *smile fint og neie*




Denne går vidare til Rosa univers - Ingrids blogg - Silje sin - Små augeblikk, store gleder - BESTEMORS HUS - ............a Lime Design........... og mali-mo


Dokke fortena den alle! =)

Velkommen til meg

Eit lite bilde som viser utanfor inngangsdøra til meg og min kjære :)

Du må ha ein fin dag :)
Klem frå meg

7. august 2008

Ei prinsesse...







No er systa til min kjære heime på besøk me hinna kjære og den lille prinsessa deira. Til "tante" Tonje si store glede! Den søtaste, godaste og blidaste jenta ein kan tenke seg. Eg blir glad kvar gong ho smilar til meg =) Tihi

Skiltet under er eit eg fann på ein butikk på Moa i Ålesund. Synst det var ganske så beskrivande, og kult :)

Ha ein fin kveld til alle som er innom sida mi, og legg at ei helsing om du vil :) Då blir eg glad!

4. august 2008

Ein del av stua...


I den eine delen av stua er den 90 år gamle sofaen, og i den andre delen er tvkroken, som dokke ser her på bildet. Her er det meste i svart og rødt :) Fotoet til høgre (på veggen) er eg kjempe glad i. Fekk det i bursdagsgåve med min kjære i fjor.

31. juli 2008

Ein ferie vi vil hugse for alltid...




Fire seglebåtar på fotoet, den andre frå venstre er den vi leigde (Ikkje den som nesten ikkje syns fra venstre, men den andre =)


Ei gammal spennande dør


Ein gammal mann som sydde på garnet sitt



Då var vi tilbake frå to herlige veker i Hellas. 12 dagar i seglebåt og 2 1/2 dagar på land. Vi har hatt ein spanande og opplevelsesrik ferie! Det å leige seglebåt og segle frå ein liten plass til ein annan er spanande. Plassar du elles ikkje vil reise til, for der er ikkje flyplassar. Vi må takke mamma og pappa for ein herlig ferie! Utan dei kunne vi nok ikkje ha segla, for vi fire andre har ingen erfaring med segling, berre motorbåt =)
Mange morosame historier og minner for vi heim med. Hehe.. det er mange rare folk her i verden...
Her er nokre foto frå turen.
Ha ein fin kveld vidare! Og tusen takk til alle som har lagt att ei helsing, kjekt å lese når eg kom heim! Gler meg til å besøke sidene til dokke alle!

9. juli 2008

Ein gang...




Ny komode, bilder og speil i gangen. Komoden fekk eg med mamma og pappa, eller vi bytta komoda =) Ein fin måte å få noko nytt på.

No er det berre tre dagar til eg og min kjære startar på ferien. Då skal vi sette oss i bilen å kjøre til Oslo, der vi skal tilbringe nokre dagar før vi skal vidare til Hellas! Vi gler oss som små ungar! =)

Ps. Eg blir VELDIG glad for alle som legg att ei lita helsing :)

5. juli 2008

Smaken av sommar...





Endeleg kom sola til Volda også! =)
I dag har vi ete mykje jordbær, spelt spel og kosa oss ut på altanen. No er helga her og vi skal berre nyte den. Så er det berre ei veke att på jobb før ferien startar og vi skal til Hellas å segle! Eg gler meg som ein liten unge! Kjekt å fare på ein ferie der ein får oppleve dei små øyene som ein elles ikkje besøker.
Ha ei fin helg! =)

30. juni 2008

Dette var spennande...







Enda ein pusekatt :) Dette er Lisa som bur på Vartdal. I helga flytta kaninene i huset også ut, og det tok ikkje lenge før ho Lisa merka at det var noko som levde inn i buret. Hmmm... dette var spennande! =) Ho ser ut som ein reklamekatt!

Ha ein fin kveld! Og takk for alle helsingane, blir så glad når eg ser folk har skreve =)

28. juni 2008

Kosehelg på Vartdal...






Prinsessa mi

I helga er vi på Vartdal og tek livet med ro. Snop, tv og leik.
Øverste bildet er av nokre lykter eg har i stua heime, og under er melkeskummaren min frå Italia. Kjempe godt til kakao og kaffi. Praktisk =)

Det siste bildet er av lisjesystra til min kjære, eg kallar ho berre for vesle prinsessa mi. Alltid like blid og snill =) Kjekt å kome til Vartdal å ver saman med ho.

Ha ei god helg alle saman! =)