19. november 2009

Gratulerer mamma...


Eg, mamma og søstra mi Silje i fjor sommar :)

I dag er det mamma sin dag :) Eg har verdens beste mamma, som alle andre også meiner dei har :) Mammaen min er vakker heilt frå hjarterota og ut. Ho er omtenksom, morsom, god, snill og tenker på alle rundt seg og vil dei skal ha det bra. Mamma er ei pen dame som eg og søstra mi er veldig glad i! Mamma er der alltid om eg treng ho og stiller alltid opp. Mamma er den beste mammaen eg nokon gong kunne få og i dag er det hennar dag!
Gratulerer med dagen mamma, takk for du er den du er! :)

31. august 2009

sol inne, regn ute....





Dei siste dagane har det regna som berre det!! Då er det kjekt å sitte inne med stearinlys og teppe og for å få det ekstra koselig kjøpte eg Solsikke som kunne erstatte sola :) Håper sola kjem snart til bake!!!

Ha ein fin kveld!
Klem frå Tonje Marie

20. august 2009

Støvlar....





Eg har lenge ønska meg Ilse Jacobsen støvlar, men eg har liksom ikkje hatt samvittigheit til å kjøpe dei. "Treng eg verkeleg desse støvlane?" "Er det verdt å bruke så mange pengar på støvlar?" desse spørsmåla har gått rundt i hovudet mitt. Men så skjedde det noko. Det har nesten regna ei veke i strekk no, og kvar morgon før eg skulle på jobb har eg stått å vurdert kva sko eg skal ha på meg, for nesten alle skoa mine trekk inn vatn. Eg bestemte meg, no er det nok, eg kjøper støvlane. Og no er eg ein lykkeleg eigar av brune Ilse Jacobsen støvlar! Eg angra ikkje eit sekund :) Og det som er så fint med dei er at ein kan bruke dei til det meste.


Ha ein fin dag vidare!

Klem frå Tonje Marie

17. august 2009

Sommarferien er over...










Sommaren for lengst over for min del, og regnet har kome for fullt. Huff, saknar sola ja!
Men sommarferien var fin. Eg var med mamma og pappa på båttur i ei veke, før eg flaug heim til Volda for å vere la med vener som hadde kome heim. Vi kosa oss masse. Hyttetur, var å bada og åt middag på Loen, seine sommarkveldar med mykje skøy!
Den siste veka mi for eg til Kristiansand å besøkte søstra mi som hadde fått seg sommarjobb som prinsesse i dyreparken. Stykket ho spelte i var ”Kristian And frå Herli Land”. Det var eit morosamt stykke og veldig spesielt å sjå mi eiga søster stå fram på scena. Men ho var kjempeflink og eg vart veldig stolt!!

Ha ein fin dag vidare!

Klem frå Tonje Marie

15. juni 2009

Tilbake til vanleg kosthold...







var bursdagane gjort for ei stund. Kaker og kaffi har nesten vorte eit kvardagskost, så no er det påtide å kome seg frå alle søtsakene og inn i den vanlege kosten att ;p Men det er godt å kose seg av og til!
No er det nedteljing til ferien som startar om to veker! Gler meg masse til den! Då skal eg berre slappe av og nyte livet :)
Bilda over er av to herlege gutar som stilte seg opp for å bli fotografert. Vart nokre artige foto synest eg. Det andre er litt av eit kort eg laga til ein go’gutt som vart fire år.

Ha ein finfin dag vidare til dei som er innom. Legg gjerne att eit spor :)
Klem frå Tonje Marie

8. juni 2009

Puss puss så får du en....






I helga fekk vi opp båten, så då var det berre å pusse, gni og male så den vart blank og fin! :) Etter vi var ferdig med allt og hadde berre oljen att, skar allt seg... Det var vatn i oljen og det er ikkje bra. Det vart då det over to tima til med skruing, makking og banning. Hehe, skal love deg at vi pust letta ut då vi kjørte heimover! Men ein koseleg dag saman med mamma og pappa, god mat og sol :) Her er nokre av bilda som vart ut av dagen.
I dag har eg rydda i leilegheita, sidan eg har invitert til kake og kaffi her i morgon. Eg vert nemleg 23 år! tihi :)
Ha ein fin kveld!! og eg vert gla om du legg att eit lite spor :)

28. mai 2009

Drømme....








Riviera Maison. Aaah. Når eg skal kjøpe meg hus, skal eg spare meg opp pengar så eg kan kjøpe meg noko fint å ha i huset. Sofaen som er på eine fotoet er så fin! Men til no må berre drømme. Det er i alle fall gratis! Tihi.
Ha ein fin dag!