31. juli 2008

Ein ferie vi vil hugse for alltid...




Fire seglebåtar på fotoet, den andre frå venstre er den vi leigde (Ikkje den som nesten ikkje syns fra venstre, men den andre =)


Ei gammal spennande dør


Ein gammal mann som sydde på garnet sitt



Då var vi tilbake frå to herlige veker i Hellas. 12 dagar i seglebåt og 2 1/2 dagar på land. Vi har hatt ein spanande og opplevelsesrik ferie! Det å leige seglebåt og segle frå ein liten plass til ein annan er spanande. Plassar du elles ikkje vil reise til, for der er ikkje flyplassar. Vi må takke mamma og pappa for ein herlig ferie! Utan dei kunne vi nok ikkje ha segla, for vi fire andre har ingen erfaring med segling, berre motorbåt =)
Mange morosame historier og minner for vi heim med. Hehe.. det er mange rare folk her i verden...
Her er nokre foto frå turen.
Ha ein fin kveld vidare! Og tusen takk til alle som har lagt att ei helsing, kjekt å lese når eg kom heim! Gler meg til å besøke sidene til dokke alle!

9. juli 2008

Ein gang...




Ny komode, bilder og speil i gangen. Komoden fekk eg med mamma og pappa, eller vi bytta komoda =) Ein fin måte å få noko nytt på.

No er det berre tre dagar til eg og min kjære startar på ferien. Då skal vi sette oss i bilen å kjøre til Oslo, der vi skal tilbringe nokre dagar før vi skal vidare til Hellas! Vi gler oss som små ungar! =)

Ps. Eg blir VELDIG glad for alle som legg att ei lita helsing :)

5. juli 2008

Smaken av sommar...





Endeleg kom sola til Volda også! =)
I dag har vi ete mykje jordbær, spelt spel og kosa oss ut på altanen. No er helga her og vi skal berre nyte den. Så er det berre ei veke att på jobb før ferien startar og vi skal til Hellas å segle! Eg gler meg som ein liten unge! Kjekt å fare på ein ferie der ein får oppleve dei små øyene som ein elles ikkje besøker.
Ha ei fin helg! =)