28. mai 2009

Drømme....








Riviera Maison. Aaah. Når eg skal kjøpe meg hus, skal eg spare meg opp pengar så eg kan kjøpe meg noko fint å ha i huset. Sofaen som er på eine fotoet er så fin! Men til no må berre drømme. Det er i alle fall gratis! Tihi.
Ha ein fin dag!

27. mai 2009


Vegen til hytta





Fredag fikk eg ein koseleg telefon frå ongen til søskenbarnet mitt der ei søt stemme spurte om eg ville komme på hytta til tanta og onkelen min i Ålesund, for der skulle han vere. Såklart ville eg dette. Så laurdag vart det hyttetur. Alltid like kjekt å vere der. Ei koselg hytte med godt selskap :) Vi laga blink og spidda pinna så vi kunne kaste på, og oslogutten var kjempeflink! :) "Se da Tonje!! Jeg klarte det! Den kom på det blå" det blå var midt i. Han lærte meg diabolo. Han triksa og styrte og når eg skulle begynne var ikkje det så lett som det såg ut. Men fekk god hjelp av min lille akrobat :) Ein NYDELEG laurdag!
Ha ein fin kveld!