24. august 2008

Award og bursdag


Hipp hipp hurra!! I dag er min kjære 22 år. Vi feira med skattejakt i dagtidlig der skatten var playstation 3. Han har ønska seg det heilt sidan jul, så no var det påtide han fekk det med meg =) Skulle sett fjese hass når han såg det! Hehe, hoppandes gla vart han.
No er kaka i ovnen og vi skal snart ut på Vartdal slik dei også får smake.
Så har eg vore så heldig å fått ein flott award med http://daisishome.blogspot.com/ Tusen tusen takk til deg!! Eg blir så glad =) Eg skal sende den vidare til 7 andre seinare :)
Ha ein fin søndag folkens! Klem

21. august 2008

Ei vemmeleg lukt...


Pusen var ivrig med å prøve og ta kaninene. Her måtte han ta på.


To venninder av søstra til kjæresten min, flinke å hjelpe til å vaske vekk kaninbæsj

No var det påtide å blogge litt att!
Denne veka passar min kjære fiskeoppdrette til familia, så vi må bu på Vartdal :) Så i går fann eg ut kor fisefine jenter i 8-9 års alderen kan vere. (Ei lang historie i korte trekk)

Tonje kom kjørande inn på plassen å fann ut at systa til min kjære, på 9 år, ikkje hadde vaska buret til kaninene sine. På måndag sa ho til meg "Jada Tonje, eg skal vaske det i morgon".
Etter middag i går fann eg ut at eg skulle hjelpe ho litt, så eg tilbudde meg å hjelpe ho. (Eg hadde ikkje anelse om kva som kom til å vente meg.)

Eg opnar kaninburet og fekk den strammaste kaninbæsjelukta rett opp i nasa. (Hehe, lenge sidan eg har vaska eit kaninbur ja!)
Jada, vi byrja å ta ut det illeluktande høyet som var nedi, men ein 9 åring mistar fort tolmodigheita. "Skal ikkje dokke hjelpe meg da!" ropte ho til dei to vennindene sine, å jeuda, dei også kom, men heile tida var det "æsj, usj, eg kan ikkje ver bort i dette, det stankar, æææh ikkje kom borti meg", men vi fekk ut allt, og skulle til å spyle det. Då kom det "Eg vil spyle, men eg vil berre spyle litt" sa eigaren og etter ei lita stund var ho vekk, og den som sto att å vaska det var Tonje og eigarens to venninder! Hehe, ei fante er ho!

Ha ein fin dag!! Klem

13. august 2008

Væææ, en smule skummelt...





Tonje Marie og min kjære fekk denne i garnet. Skummel? Jupp, den er det, eg var litt redd då eg skulle ta bilde av den. Den såg på meg med dei store trillande runde augo, og prøvde å sei "Om du ikkje let meg gå, kjem eg å klyp deg i tåa!" Så den for fort då den kom ned i sjøen att! :) Den er litt søt. Synst ikkje dokke? :)

11. august 2008

Heldige meg...

I dag har eg vore superheldig, og eg er hoppandes glad! :) Eg har fått to awardar, den eine frå lykkebo og den andre frå johanna. To damer som har spennande bloggar og tek nydelige bilder. Tusen takk til dokke begge! *smile fint og neie*




Denne går vidare til Rosa univers - Ingrids blogg - Silje sin - Små augeblikk, store gleder - BESTEMORS HUS - ............a Lime Design........... og mali-mo


Dokke fortena den alle! =)

Velkommen til meg

Eit lite bilde som viser utanfor inngangsdøra til meg og min kjære :)

Du må ha ein fin dag :)
Klem frå meg

7. august 2008

Ei prinsesse...







No er systa til min kjære heime på besøk me hinna kjære og den lille prinsessa deira. Til "tante" Tonje si store glede! Den søtaste, godaste og blidaste jenta ein kan tenke seg. Eg blir glad kvar gong ho smilar til meg =) Tihi

Skiltet under er eit eg fann på ein butikk på Moa i Ålesund. Synst det var ganske så beskrivande, og kult :)

Ha ein fin kveld til alle som er innom sida mi, og legg at ei helsing om du vil :) Då blir eg glad!

4. august 2008

Ein del av stua...


I den eine delen av stua er den 90 år gamle sofaen, og i den andre delen er tvkroken, som dokke ser her på bildet. Her er det meste i svart og rødt :) Fotoet til høgre (på veggen) er eg kjempe glad i. Fekk det i bursdagsgåve med min kjære i fjor.