23. mars 2009

Tørke støv av bloggen...











Oj! No er det lenge sidan eg har skreve på bloggen min... Men no bles eg det støvet som har kome på den og byrjar att :)
Våren var nesten i Volda for nokre dagar sidan, men no har snøen lagt sitt kvite slør i fjella att. Det som held vårstemninga oppe er fuglane som kvitrar ute og blomane som byrjar å kome opp gjennom jorda. Eg gler meg til våren og dei lysare tidene. Det vert så mykje enklare å kome seg opp om morgonen og kroppen får varme frå sola att. Det er herleg! Eg er nok ei sommarjente ja!

Det kjem nokre foto frå det nyoppussa soverommet seinare, men eg har ikkje fått lagt dei inn på dataen endå, men det kjem :) Legger heller ut foto av nokre vakre blomar og sidan eg har besøkt ho eg er fadder på i Oslo, må ho også få ein plass her.

- Er du lisje prinsessa mi du?

- Haha, nei, eg er ikkje noko prinsesse. Tonje eg er jo berre meg eg!

For meg er ho lisje prinsessa mi, sjølv om ho ikkje meinar det! :)

Ha ein strålandes dag til dei som er innom :)

3 kommentarer:

tjommii sa...

Velkommen tilbake, Tonje!!
He savna å lese bloggen din :)
hurra hei og hopp!!

LYKKEBO sa...

Kjempe fine bilder:) Jeg er ening med deg!- Godt det er lysere tider nå så vi kan "våkne" til liv igjen:) Velkommen tilbake:)

Anna Lisa sa...

Så kjekt at du er tilbake:) Har tenkt på deg så ofte.
Nydelige bilder Tonje!!
og ja, det er deilig med vår i volda :)
Ha ei god helg!! Og takk for helsinga!
Klem