29. september 2008

For fyrste gong og award...




Denne fekk eg av Linda


Denne fekk eg av Anna Lisa

Eg er så veldig heldig. Eg har fått to fine awarda, så det varmar meg på denne kalde dagen.
Sidan eg skal sende dei vidare, sender eg begge to ilag.
Og dei heldige er *trommevirvel*:
Grip Dagen - http://gripdag1.blogspot.com/
Den gode Feen - http://dengodefeen.blogspot.com/
Lykke Bo - http://lykke-bo.blogspot.com/
mali-mo - http://mali-mo.blogspot.com/
My little heaven - http://www.mylittleheaven.com/

Dokke har alle kjempefine bloggar som eg likar å fylle med på!

Elles har eg schrappa for første gong. Kjekt å få bruke kreativiteten litt :)

Ha ein fin dag! =) Og takk til alle som legg att ei helsing! :) Klem frå meg

21. september 2008

Ei koseleg helg...


Velkommen til oss


Lyng i ei korg, det grøne er kastanjenøtter. Synst det pynta litt opp


Bamsane har fått englevakt

Då var snart denne helga over også. Men jammen var den god.
Fredag laga eg å mamma eplekake av epla i hagen deira. Å jammen vart den god =) Etterpå vart det heimelaga pizza framfor tv'en. Koseleg :)
Laurdag var det mykje fotball på planen. Den 9 år gamle søstra til Tonjekjærsten skulle spele cup i Volda, og rett etter var det han som skulle i ilden på Ørsta Stadion. Seinare for mannen her i huset ut på byen, medan eg fekk besøk av Linda som er ei god venninde av meg. Vi kosa oss med godis, prat og tv :)
I dag er det søndag og mannen har akkurat stått opp, så no skal vi ha på oss klede og traske oss ein tur ut :)

Ha ein kjempefin dag alle sammen! =)
Klem frå ei som blir kjempeglad for kommentarar!

11. september 2008

Ein smak av hausten...









Etter eg og min kjære kom heim frå jobb og hadde fått i oss lit mat tok vi med oss kameraet ut for å fange nokon haustmotiv.
Her er ein smakebit på noko vi fann langs vegen :)

Ha ein fin dag vidare folkens, og eg blir glad for alle som legg at ei lita helsing :)
Klem

8. september 2008

Nytt i heimen...







Ny tvbenk og ny tv =) Etter nokre timar med "Nei, det er her den skal ver" medan den andre sei "Nei, det er SLIK det er" så vart benken endeleg ferdig! Tihi.
Så måtte vi ned på Sissel Blomster å kjøpe noko "stesj" som skulle få plass på benken. Lys, fat til lysa, blomster og potte til. Eg vart veldig fornøgd og det samme vart mannen i huset =)

Ha ein fin kveld :) Legg att ei helsing om du vil, då blir eg glad :)

1. september 2008

Ein vakker dag...





I helga gav søstra til Rolf-Audun (min kjære) og mannen hinna sitt ja til kvarandre. Ein kjempefin dag, med ei nydelig brud og brudgom, med følge. Festen vart holdt på Atlanterhavsparken i Ålesund. Var ein opplevelsesrik dag vi vil hugse.
Her er to bilder av dei.

Ha ein fin kveld! Klem frå Tonje Marie
Blir veldig glad om dokke legg att ein liten kommentar =)