21. august 2008

Ei vemmeleg lukt...


Pusen var ivrig med å prøve og ta kaninene. Her måtte han ta på.


To venninder av søstra til kjæresten min, flinke å hjelpe til å vaske vekk kaninbæsj

No var det påtide å blogge litt att!
Denne veka passar min kjære fiskeoppdrette til familia, så vi må bu på Vartdal :) Så i går fann eg ut kor fisefine jenter i 8-9 års alderen kan vere. (Ei lang historie i korte trekk)

Tonje kom kjørande inn på plassen å fann ut at systa til min kjære, på 9 år, ikkje hadde vaska buret til kaninene sine. På måndag sa ho til meg "Jada Tonje, eg skal vaske det i morgon".
Etter middag i går fann eg ut at eg skulle hjelpe ho litt, så eg tilbudde meg å hjelpe ho. (Eg hadde ikkje anelse om kva som kom til å vente meg.)

Eg opnar kaninburet og fekk den strammaste kaninbæsjelukta rett opp i nasa. (Hehe, lenge sidan eg har vaska eit kaninbur ja!)
Jada, vi byrja å ta ut det illeluktande høyet som var nedi, men ein 9 åring mistar fort tolmodigheita. "Skal ikkje dokke hjelpe meg da!" ropte ho til dei to vennindene sine, å jeuda, dei også kom, men heile tida var det "æsj, usj, eg kan ikkje ver bort i dette, det stankar, æææh ikkje kom borti meg", men vi fekk ut allt, og skulle til å spyle det. Då kom det "Eg vil spyle, men eg vil berre spyle litt" sa eigaren og etter ei lita stund var ho vekk, og den som sto att å vaska det var Tonje og eigarens to venninder! Hehe, ei fante er ho!

Ha ein fin dag!! Klem

4 kommentarer:

joanna sa...

Gjett om eg kjenner meg att! Vi har nemleg hatt kaniner sjølve og den lukta er ikkje særleg behagleg nei!

Ho er i alle fall lur, jenta du er tante til hihi ;O)

Anonym sa...

Hehehe....ho lurte sej vekk ja. Ho lovte mej også å vaske bure når vi reiste fra sunnmøre sist. Godt de e gjort no hvertfall :)

Huset i skogen sa...

Kjenner meg igjen der! Har et bur som står og venter jeg også, men det haster ikke...vi måtte dessverre ta livet av kaninen vår på mandag, så nå står buret tomt.
Utrolig hvor mye selskap det er i slike småtasser:)

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Hihi ,det blir som regel slik, de små mister tålmodigheten !
Pusekatten så rimelig ivrig ut, herlig bilde.
ha en knall helg.
Klem