

Kor er onkel? Vi vil spele fotball...

Tegata
Eg er "tante" til
to tøffe gutar. I dag har vi vore på fotballbana i Ørsta og sett på fotballonkelen som har svinga foten mot ballen.
- Heia onkel Rolf-Audun!
Flinke heiaroparar er dei begge to. Men dei begge venta spent på at kampen skulle bli ferdig så dei kunne springe ut på det grøne graset, og vise stolt fram at dei kjente - han onkel Rolf-Audun =) To tøffingar som ser opp til sin kule onkel!
Det andre bildet er av
Tegata vi har på kjøkkenet. Det er nokre tebokser mi mor ikkje ville ha lenger, så eg var heldig og fekk dei =) Her har vi masse god te nedi.
Elles har sola vist seg i dag, men den for fort då eg var ferdig på jobb, veldig typisk...
Ha ei fin veke vidare, så håpar eg alle kosar seg! =)
Og eg blir veldig glad for alle som legg att ei lita helsing! =)