30. juni 2008

Dette var spennande...







Enda ein pusekatt :) Dette er Lisa som bur på Vartdal. I helga flytta kaninene i huset også ut, og det tok ikkje lenge før ho Lisa merka at det var noko som levde inn i buret. Hmmm... dette var spennande! =) Ho ser ut som ein reklamekatt!

Ha ein fin kveld! Og takk for alle helsingane, blir så glad når eg ser folk har skreve =)

28. juni 2008

Kosehelg på Vartdal...






Prinsessa mi

I helga er vi på Vartdal og tek livet med ro. Snop, tv og leik.
Øverste bildet er av nokre lykter eg har i stua heime, og under er melkeskummaren min frå Italia. Kjempe godt til kakao og kaffi. Praktisk =)

Det siste bildet er av lisjesystra til min kjære, eg kallar ho berre for vesle prinsessa mi. Alltid like blid og snill =) Kjekt å kome til Vartdal å ver saman med ho.

Ha ei god helg alle saman! =)

26. juni 2008

To tøffe karar...




Kor er onkel? Vi vil spele fotball...


Tegata

Eg er "tante" til to tøffe gutar. I dag har vi vore på fotballbana i Ørsta og sett på fotballonkelen som har svinga foten mot ballen.
- Heia onkel Rolf-Audun!
Flinke heiaroparar er dei begge to. Men dei begge venta spent på at kampen skulle bli ferdig så dei kunne springe ut på det grøne graset, og vise stolt fram at dei kjente - han onkel Rolf-Audun =) To tøffingar som ser opp til sin kule onkel!

Det andre bildet er av Tegata vi har på kjøkkenet. Det er nokre tebokser mi mor ikkje ville ha lenger, så eg var heldig og fekk dei =) Her har vi masse god te nedi.

Elles har sola vist seg i dag, men den for fort då eg var ferdig på jobb, veldig typisk...
Ha ei fin veke vidare, så håpar eg alle kosar seg! =) Og eg blir veldig glad for alle som legg att ei lita helsing! =)

25. juni 2008

Ballerina...



Ei stili boks eg fann i Ålesund.

Ballett har vore ein del av livet mitt i ei lang tid. Eg la hobbyen på hylla for nokre år sidan, medan systa mi lever drømmen sin vidare i London. Eg fekk tåspisskona hennar då ho kjøpte seg nye. Så kvar gong eg går forbi dei i gangen, der dei heng og pyntar så fint opp, tenkjer eg på henne. Rosa og slitne er dei, men mykje smerte og glede har dei i tåspissen endå. Takk systa for at eg fekk dei som pynt =)

I dag har det vore ein stressande dag, men avsluttinga var koselig med film, snop og godt selskap. Tone og Torbjørn var her og såg Cloverfield. Ein koseleg kveld med gode og nye vener =) No ropar senga, og natta er her. Den skal eg finne og krølle mine tær.
God natt og sov godt!

23. juni 2008

Den rosa til mi ballerina...







Det virkar som det aldri skal slutte å regne... Dei grå skyene er langt ned i fjella, så når det er så grått ute måtte eg få litt friske fine fargar inne =) Så før eg tusla meg heim etter jobb stoppa eg med mamma og pappa og tok meg ein tur ned i hagen deira. Og som eg trudde fann eg mange fine blomar der! Dette var da tre av dei eg plukka med meg heim =) Dei er fortsatt våte av regnet. (Den rosa plukka eg for den minte meg slik om mi primaballerina syste som er i London :)
No skal eg lage bollar til min kjære som måtte jobbe seint i dag. Så blir det bollar, kakao og tv-kos =)
Ha ein fin dag vidare! Klem Tonje Marie

Ein fin dag...









I dag har skyene trekt seg litt vekk så sola kunne få kome til med sine glade strålar! =) Eg blir alltid like glad når augo bestemmer seg for å opne seg for sola vil fortelle meg at no er det påtide å utnytte den fine dagen (om det ikkje er for tidleg :)
I dag var ein slik dag,så eg og min kjære starta dagen med å gå ein koselig tur. Kattar, fuglar, blomster og glede var å finne langs den gamle vegen vi traska på. Runt oss var det fuglekvitring, lydar av bilar i det fjerne og steg frå to trøtte men fornøgde menneske =) Hand i hand på Gamlevegen.

21. juni 2008

Mimring tilbake i tid...







No er det endeleg HELG! =) Tenkte eg skulle legge ut nokre foto av ein av t-koppane eg kjøpte meg. Likar koppar som er litt breidare. Får litt hyttefølelse av dei, for tanta mi har mange slike på hytta si!

Når eg var liten hadde eg og systa mi eit fuglebur, men det vart kasta etter vi hadde herja masse med det. Her ein dag fann eg eit liknande eit, og måtte berre ha det =) Sidan eg ikkje hadde noko å ha inni det endå plasserte eg Bo bedre bladet mitt inni medan eg tok fotoet =)
Ha ei kjempe fin helg og takk for alle som legg att helsingar, det vert eg veldig glad for!=)

19. juni 2008

En bukket av sommar og sol...


Orkide







En bukett med sol og sommer,
vil jeg legge for din fot.
Hva som hender, hva som kommer,
møt det med humør og mot.


Ha en fin dag =)

17. juni 2008

Herligheter...


Det er alltid kjekt med nye blomar i heimen..


Herligheit i flaske...


Herligheta mi som lagar meg deili kaffi kvar dag

I dag blir tv-en bytta ut med god kaffi og interiørmagasinet Maison. Den einaste lyden som er rundt meg er kjøleskapet som durar og tastane som klikkar i det eg trykk dei firkanta bokstavane ned. Mannen er i vinden og spelar kamp.
Vindauga mine har blitt som eit mystiske maleri, tåka som kjem nedover fjella og snart tek heile utsikta mi, ut mot Volda og den kalde blå fjorden som heiter Voldsfjorden.
Det luktar kaffi her. Kaffilukta kjem trengande inn i luktesystemet og kroppen får veldig lyst å ta en slurk av den kvite tilbydande koppen som har kaffi på menyen... mmmm... jammen var det godt =)
Ha ein triveleg kveld! =)

16. juni 2008

Ein regnfull dag...


Katten min Vims vart trøtt av det stygge veiret


Her er litt av kjøkkenet mitt =)


To lysestakar eg har kjøpt. Den lille i Ålesund og den store på Sissel blomster i Volda


Gitaren til min kjære



I dag er det ein grå dag i Volda. Det er ekstra vanskeleg å stå opp på ein slik dag, ein vil berre krype enda lenger under dyna å ligge der resten av dagen. Men koseleg er det også. Sitte inne å høre på regnet kor det tippa på vindauget!
Ha ein fortsatt triveleg kveld =) Klem

15. juni 2008

Den 90 år gamle sofaen.....


Bamse i sofaen..



Her er den eine delen av stua mi. Kose kroken =) Mala veggane kvite for ei lita stund sidan, å vinduskarmane vart lakka svarte.






Desse har fått plass utanfor døra mi, så kan dei muntre meg opp kvar gong eg ser på dei =)


Sofaen eg har i stua er 90 år gamal. Det er ikkje tvil i at den har mange historier i seg. Kven som har eige den, og kvar den kjem frå veit eg ikkje, for sofaen vart kjøpt på ein love i Sandane, http://www.antikk-rariteter.no/ mykje fint =)

14. juni 2008

For første gang...














Dette er første gong eg bloggar. Litt spenande, og veldig nytt!



No er helga komen og eg er på Vartdal å kosar meg saman med min kjære og familien hans. Før på dagen var vi ned på jobben hans der eg fekk tatt eit par bilder av nokre måsar, som er oppanfor. Fine fuglar, men ein kan aldri vite, tenk om du får ein skit i hovudet! IK!

God helg til alle =)